Cathrineholm

Cathrineholm
Cathrineholm var eit jernverk som låg ved Tistefossen om lag 3 km oppover Tista frå Halden i Østfold. Det starta produksjonen i 1827. Opphavleg laga dei støypejernprodukt, mellom anna omnar, og landbruksutstyr. På grunn av at marknaden for støypejernprodukt minka tidleg på 1900-talet gjekk dei i 1907 over til å bli eit emaljeverk som produserte skilt, sanitær- og kjøkkenutstyr. Selskapet vart lagt ned i 1970.

Då dei starta å lage emaljerte produkt fanst det ikkje fagkunnskap i Noreg slik at dei fekk tak i fagarbeidarar frå Tyskland.

Designaren Grete Prytz Kittelsen utforma produkta som i 1962 fekk den kjente Lotus-dekoren. Det var dekoratøren Arne Clausen kom opp med denne som blei grunnlaget for den kjente Lotus-serien av kasserollar og anna koke- steikeutstyr og fat og bollar. Ekteparet Arne Korsmo-Prytz Kittelsen samarbeidde om fleire produkt frå Cathrineholm.

Lotus-serien var den store salssuksessen. Berre i 1964 selde dei 150 000 ulike delar. I tillegg til Lotus-serien var det seriar som Saturn, Viking.

Furniture on sale

No products on sale at the moment for this designer

+ 33 (0)1 43 33 20 12